Artikkel

arkitektur.nå - Norsk arkitekturpolitikk

Forsiden av arkitektur.nå. Design: Your Friends Forsiden av arkitektur.nå. Design: Your Friends

Arkitektur som sikrar miljø- og energivennlege løysingar og som kan bidra til god arkitektur i byar og tettstader er visjonen for den nye arkitekturpolitikken frå regjeringa.

Arkitektur står sentralt innanfor bustadpolitikk, by- og tettstadpolitikk, miljøpolitikk og transportpolitikk. For å møte nye utfordringar er det nødvendig å uvikle ein sektorovergripande statleg arkitekturpolitikk.

Staten har ei spesiell oppgåve i å vareta kulturmiljø og bygningsarv og skal vere eit føredøme for andre aktørar. Staten skal også leggje til rette for at norsk arkitektur er synleg internasjonalt. Kunnskap, kompetanse og formidling skal gi arkitekturen eit lyft.

Det arkitekturpolitikken som no ligg føre, er eit resultat av bidrag frå 13 departement med sine underliggjande fagmiljø. Kultur- og kyrkjedepartementet har leidd og koordinert arbeidet.